Krigsseileren

Om filmen

Originaltittel: Krigsseileren

Premiere: 2022-09-23

Varighet: 2t 32min

Sjanger: Drama, Krigsfilm

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Norsk

Regissør: Gunnar Vikene

KRIGSSEILEREN er eit storslått drama som fortel historia om dei over 30.000 norske krigsseglarane og familiane deira sin lagnad under og etter andre verdskrig.

Me følgjer sjømannen Alfred, gift med Cecilia og nybakt trebarnsfar frå Bergen. Når andre verdskrig bryt ut er han og barndomskameraten Sigbjørn på jobb på eit handelsskip midt ute i Atlanterhavet. Dei blir nøydde til å halde fram å segle i fronten av ein krig dei ikkje har bede om, i sivil og utan våpen. Heime i Bergen strevar Cecilia med å greie seg og å ta vare på dei tre borna i eit okkupert land. Alfred og Sigbjørn kjempar for å overleve i ein nedadgåande spiral av vald og død, kor tyske ubåtar når som helst kan angripe skipet som er lasta med materiell som er nødvendig for dei allierte sin krigsinnsats. Krigsseilarane har eitt mål: Å overleve – for å kome heim. Men korleis halde fram med livet og relasjonar når ein har vore skilt frå familien i mange dramatiske krigsår? Kan såra lækjast og gro? REGISSØR OG MANUSFORFATTAR GUNNAR VIKENE OM FILMEN: "KRIGSSEILEREN er laget for å gi nærhet til krigsseilernes innsats og hvilket offer de og deres familier gjorde under andre verdenskrig. Det er nødvendig for å sette i perspektiv den uretten krigsseilerne ble utsatt for etter krigen."