Kvinner på Randen

Om arrangementet

KVINNER PÅ RANDEN GJER COMEBACK PÅ STORD

Kvinner På Randen er tilbake med 25-års jubileumsforestilling hausten 2022. 
 
Marit Voldsæter, Elisabeth Moberg og Kjersti Berge klarte ikkje å la vera. Dei måtte rett og slett finna saman igjen etter å ha opptredd på fire utselte spontanforestillingar til inntekt for Ole Bull Scene. Publikum og kritikarar jubla. Marit valte å avlysa sitt komande soloshow, Elisabeth takka nei til fleire store teaterroller og Kjersti tok permisjon frå jobben som dagleg leiar i Fargespill kun for å gjera det som så mange har håpt på: Å gjenforeina Kvinner på randen.

Resultatet blei ein 25-års jubileumsforestilling som gjekk for fulle hus i Bergen på Ole Bull Scene heile hausten 2021. Over 25.000 selte billettar og full jubel. 
 
Kva kan me forventa oss? Ei jubileumsforestilling med band som inneheld nummer frå alle dei fire forestillingane og tv-seriane som Kvinnene laga i 1996 - 2005. 
Trioen selte over 500.000 billettar før de valte å gå kvar til sitt. Nytt materiale vil også stå på menyen. 
 
Hilde Sol Erdal og Arvid Ones er instruktørar. Stageway er produsent.