Jon Fosse og mystikken - religiøsitet og gudstru i Fosse sin litteratur
Billettar
Om arrangementet
Jon Fosse og mystikken. Religiøsitet og gudstru i Fosse sin litteratur.
Tysdag 3. november inviterer Stord kyrkjeakademi til temakveld kl. 18.30 på Stord bibliotek.
Kjell Arnold Nyhus vil fortelja om religiøsitet og gudstru i Fosse sin litteratur. Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi, Falturiltu og Stord bibliotek.
Kjell Arnold Nyhus (f. 1952) er prest og forfattar. Han skreiv boka «U Alminnelig. Jon Fosse og mystikken» i 2009, og var mellom dei fyrste som la merke til og undersøkte Fosse sin tilknyting til den kristne mystikken. Nyhus har òg skrive ei personleg bok om kristen mystikk, «Gud er ikkje kristen» (Verbum, 2023), som har fått brei og rosande omtale.
Nyhus har vore både sokneprest og fengselsprest, med særleg interesse for retreatarbeid. Han bur på Hamar, er gift og har fire vaksne barn.
Foto: Evelyn Pecori
