Langs kvar ein vestlandsveg - Halvor Folgerø, Stord og Rommetveit skulekorps

Om arrangementet

NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vender tilbake til sitt barndoms skulekorps!

Langs kvar ein vestlandsveg er basert på Folgerø si andre samling av fantastiske historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet. Her blir det spanande, gripande og morosame forteljingar, foto på stort lerret, og Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygger og kontrasterer forteljingane. Folgerø blir med både på fagott og bass.

Halvor Folgerø: "God musikk kan gjere ei sterk historie endå sterkare. Difor gler eg meg til å sjå kva Stord og Rommetveit skulekorps kan tilføre mine historiar om dramatikk på krokete vestlandsvegar. For meg er det stor stas å få jobba med så flinke barn og ungdommar!"

Håvard Kroka (dirigent): "Me i Stord og Rommetveit skulekorps er stolte av å få jobbe med ein profesjonell organisasjon som Falturiltu, og ikkje minst Halvor Folgerø. Det er ei ære for oss å bidra musikalsk på dette prosjektet, og me gler oss til vonleg å forsterke Halvor sin bodskap i førestillinga. Me set og pris på å få vise Stord publikummet at korps kan vera så mykje mykje meir enn berre tog på 17. Mai.!