Latter Live – på turne!

Om arrangementet

Stand Up Norge presenterer: «LATTER LIVE – på turné!» med Johan Golden, Jonna Støme og Bjørn Henning Ødegaard

KOMIKARANE VENDER TILBAKE TIL SCENEN!

Dei siste åra og gjennom tre sesongar har mange fått med seg «Latter Live» på NRK.
I denne programserien får landets leiande standup-komikarar lov til å boltra seg i beste sendetid frå Latter på Aker Brygge.
Sjå meir her: https://tv.nrk.no/serie/latter-live

Desse sesongane hadde i gjennomsnitt 6-800.000 sjåarar kvar veke og har gitt standup-sjangeren eit oppsving på live-scenar over heile landet.
No får me altså høve til å få med seg denne suksessen i levande live, når dei mest populære komikarane frå TV-serien legg ut på turné med sceneproduksjonen kjent fra TV.
Dette blir show!

Johan Golden
Formen er tradisjonell standup, særdeles velgjort, godt strukturert, og med jamlege høgdepunkt. 
Johan Golden bør vera kjent for dei fleste gjennom flere suksessar på TV, radio og scene. 
Med sin røffe, autoritære og samtidig tilbakelente stil vinn han publikum med velformulerte spark i alle retningar. Kjent frå m.a.bl.a. «Nytt på Nytt» og «Misjonen» på P4, men det er på standup-scenen han briljerer. Han har også fått Komiprisen og strålande kritikkar etter forestillingane «Halve Norges Golden» og «Diktator»

Jonna Støme 
Sidan han debuterte som standupkomikar for nesten tjue år sidan har Jonna elska å stå på scenen og publikum har elska han frå første stund. 
Han har ein uimotståeleg sjarm, eit smittande smil og ei unik evne til å finna stor humor i bitte små kvardagslege ting. I 2010 ble Jonna nominert til Komiprisen for «Fargerikt faenskap» og har også vore å sjå i gullrekka på NRK med «Showbiz» og strålande bidrag i alle sesongane med «Latter Live».

Bjørn Henning Ødegaard
Ein tilbakelent og lun publikumsfavoritt med smarte tekstar, overraskande vendingar og stilsikker levering.
Han er ein klassisk dead pan-komikar. Det er ikkje mykje mimikk og rørsle frå scenen, men han klarer likevel å få publikum til å vri seg i stolen av latter.

Det er som kjent krevande tider for alle som lever av å samla menneske på ein stad, så det er derfor med stor glede at me no kan informera om at komikarane returnerer til scenen igjen.
Med dagens smittevernreglar vert det selt kun eit avgrensa tal billettar pr. forestilling og med tanke på at kulturhuset vanlegvis kan husa show for veldig mange fleire publikummarar, så skal det igjen være trygt og gøy å le i salen. 
Store deler av kulturhuset blir gjort tilgjengeleg for publikum som har kjøpt billett, for å sikra at alle smitteverntiltak blir grundig ivaretekne.

Så kjære publikum – ta godt imot: LATTER LIVE – direkte fra STORD KULTURHUS – mei gler oss til å le saman med deg igjen!