Lindesnes trekkspillklubb

Om arrangementet

Det er duka for ei musikalsk oppleving litt utanom det vanlege.

Den over 30 år gamle Lindesnes Trekkspillklubb har begeistra og imponert i inn og utland med sine show og konsertar. Klubben spelar i alt frå grendehus og kyrkjer til operahus og store konsertsalar. 

Til operaen
Då Den Norske Opera flytta inn i det nye operahuset i Bjørvika i 2008, bestilte trekkspelklubben plass til konsert i nybygget. Bestillinga vart ikkje teken heilt alvorleg, så det gjekk heile 12 år før musikalsk leiar Arne Vigeland og resten av klubben fekk spele i operaen, noko det også vart TV-programmet « Med trekkspill til Operaen» av. 

Seinare vart det også konsert i Gøteborgsoperaen og klubben har hatt mange konsertar i Grieghallen, Stavanger Konserthus og fleire andre konserthus i inn og utland, også kulturhuset på Stord. USA og Canada har hatt mange besøk av trekkspelklubben, i tillegg til veldig mange land i Europa og alt i alt har det blitt godt over 3000 show på denne gjengen som dreg fulle hus over alt. 

Glade amatørar
Lindesnes trekkspillklubb er samansett av amatørmusikarar med ei speleglede som slår det meste. Dei har ein dyktig musikalsk leiar i Arne Vigeland, ein av Noregs desidert beste steelgitaristar. Vigeland spelar både steelgitar og rytmegitar i orkesteret, i tillegg til å synge og kore. Ein annan dyktig musikar er den bosniske flyktningen Cazim Gerzic som har spelt med trekkspelklubben i mange år.  

TV program i 2022 

Som ein oppfølgjar til « Med trekkspill til Operaen», som blei vist 14 gonger på NRK TV har filmskapar Frode Vestad laga oppfølgjaren « Ein a åkke. 

«Ein a åkke « vart vist på NRK 1 og 2 16. og 17. mai i år, og fell god mottaking."