Lovsongkonsert
Om arrangementet
David André Østby er kjent for å ha skrevet ei rekke kjente lovsongar som blir sunget rundt i heile landet. Han har gitt ut ei rekke album og er ein svært produktiv låtskrivar. Han jobbar som kreativ pastor i Filadelfiakirken i Oslo, men i tillegg leier han lovsongsarbeidet til Pinsebevegelsen i Noreg. Denne sundagen tar han med seg bandet sitt og legg turen innom Stord. John-Inge Rolfsnes er artist, lovsongsleiar og låtskrivar frå Stord. Han har gitt ut fleire album, EP-ar og singlar under eige namn, med bandet Skrent og duoen Lykte. I mai i år slepp han det rykande ferske albumet “Alt i alle” og lovsongskonserten 24. august blir fyrste releasekonsert med det nye låtmaterialet Stord Soul Children skal delta saman med både David André Østby og John-Inge Rolfsnes denne kvelden. La oss kickstarte hausten med å samlast og la lovsongen runge utover Sunnhordland. Me ynskjer å fylle Leirvik bedehus med lovsong og tilbedelse i godt fellesskap og mykje god musikk. Dette blir både innhaldsrikt og gøy! Om du likar å synge eller lytte til god musikk - velkomen skal du vere! Leirvik bedehus - søndag 24. august kl 19.00 Billettar kr 265,- (kr 215,- for LYD-medlem) Arrangør: LYD og IMF Stord