Magnar Kartveit: "Gud, pest og plage".

Om arrangementet

Dei "vrange" bibeltekstane. Om bibeltekstar som det er vanskeleg å koma til rettes med.

Somme bibeltekstar kan skapa uro. Abraham skal ofra Isak, Josva skal føra heilag krig. Ein lesar kan bli forvirra og uroleg av slike forteljingar, og undra seg over korleis Gud kan gi denslags beskjedar. Bibelen har sett vanskane og fått openberringar med nytt innhald. Føredraget vil presentera eksempel på korleis Bibelen utvidar synsfeltet og gir ei tryggare bibellesing. Professor Magnar Kartveit tar oss med inn i dette utfordrande landskapet.