Bokbar med Djønne, Eikemo, Haugland & Lillegraven (18+)
Billettar
Om arrangementet
Falturiltu og Stord mållag inviterer til bokbaren: Løyndom og røyndom. Med Tormod Haugland, Marit Eikemo og Leander Djønne. Samtaleleiar er Ruth Lillegraven.
Kva gøymer seg under overflata i eit hus eller i ein familie? Og kva skjer når løyndommane til slutt trengjer seg fram i dagslyset?
Leander Djønne, Marit Eikemo og Tormod Haugland er tre forfattarar som alle på kvar sin måte viser fram det vestnorske lynnet.
Leander Djønne si siste bok "Alt Et" er ein mørk og grensesprengjande roman om tvillingane Våle og Rind som må flytta til besteforeldra sin gard, der trolldom og hemn ligg og ulmar.
Marit Eikemo og fotograf Marita Aarekol har besøkt forlatne hus på Vestlandet, og i boka "Husdraumar" møter Aarekol sine foto Eikemo sine forteljingar om menneska som ein gong budde der.
Tormod Haugland har med boka "Ljodane" skapt ein gåtefull roman om guten Tormon, som heller vil stilla i dress på jobb i kjellaren saman med bestefaren enn å gå på skulen.
BILLETTAR: Det er både enkeltbillettar, dagspass og festivalpass tilgjengeleg for Falturiltu 29. - 31. oktober i Stord kulturhus. Festivalpasset gjeld for alle arrangement i Stord kulturhus frå 29.10 til 31.10.
