Markens grøde

Billetter

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: Markens grøde

Varighet: 2t 30min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Original

Regissør: Hans Petter Moland

Hans Petter Moland bringer Knut Hamsuns udødelege meisterverk Markens grøde til det store lerretet

Den prisløna regissøren Hans Petter Moland bringer Knut Hamsun sitt udødelege meisterverk Markens grøde til det store lerretet, med Herbert Nordrum («Verdens verste menneske») og Asta Kamma August («Hendelser ved Vann») i hovudrollene. Det er sein haust. Isak kjempar for å overleva i villmarka. Over fjellet dukkar ein dag Inger opp. Ut av eit møte i nød veks kjærleiken. I nådelaus natur kjempar Isak og Inger for å skapa eit liv saman. Med kjærleiken som drivkraft byggjer dei garden Sellanraa opp frå ingenting. Når en mørk løyndom kjem til overflata, blir kjærleiken sett på prøve. I andre roller møter me mellom andre Gard B. Eidsvold, Anders Baasmo, Oddgeir Thune og Sjur Vatne Brean. Filmen er basert på Hamsun sin Nobelprisvinnande roman frå 1917, og er ein av dei viktigaste verka i norsk kulturhistorie. Det er ei storslått fortelling om kjærleik og mennesket sin plass i den vakre og ubarmhjertige naturen.