Mr. Halloween sin magiske butikk

Om arrangementet

Me gjentek suksessen frå i fjor og set opp teaterstykket «Mr. Halloween sin magiske butikk», med mykje nytt og spennande i år.

Stykket handlar om skumle og snille kundar som kjem til butikken. 
Litt skummelt, men mest gøy. Full fart, tøff musikk, flotte lys og røykeffektar og kjempeflinke skodespelarar.
Me er spesielt stolte av Matilda Rubach Grov som kom på andreplass i årets Junior-NM i teatersport!

Manus og det meste av musikken er skriven av Erik Jørgensen. I tillegg har vokalist og frontmann i rockebandet "Bastard", John Ståle Eldøy, laga to knalltøffe låtar til oppsettningen.

Dei som er med:
Torill Berger 
Åge Stokken
Matilda Rubach Grov 
Britt Heidi Værøy
Mina Kolstad
Erik Jørgensen
Øyvind Spissøy: Lys og lyd

Passar for barn frå 4 til 100 år 

Ungdomshallen ligg øvst i Borggata og har 90 sitjeplassar. Det er tilgjenge for rullestolbrukarar via parkeringshus på baksida.