Musikklinja ved Stord vidaregåande skule feirar 40 år med Carmina Burana
Om arrangementet
O Fortuna, Å skjebne!
Musikklinja ved Stord vidaregåande skule feirar 40 år med Carmina Burana.
Sist me framførte denne kantata var i 1997, i Aulaen på HVL.
I år har me invitert tidlegare elevar gjennom desse åra til å delta i koret, vere solistar, delta i orkesteret eller dirigera! Sunnhordland Kammerorkester har òg medlemmar som har gått musikklinja. Carl Orff (1895-1982) skreiv kantata mellom 1934-36. Teksten er basert på middelalderdikt, skriven rundt 1100-talet, som blei funnen i klosteret Benediktbeuren i Bayern på 1800-talet. Innhaldet i dikta spenn frå kjærleiksdikt via moralsk-satiriske til drikkeviser, alt ramma inn av satsen om skjebnegudinna Fortuna. Både gamle og nye elevar har måtta læra seg latinsk med tysk uttale og ikkje minst middelalderhøgtysk!
Me vil nytta eit arrangement for kammerorkester, kor og solistar frå 2022 av Paul Leonard Schäffer,- heilt sikkert for første gong på Stord og Bømlo. Dette arrangementet legg ikkje band på utøvartalet; eit stort kor med gamle og noverande elevar, solistar, Sunnhordland Kammerorkester med blåsarar, perkusjon og piano,- og ikkje minst Stord Soul Children som syng Ragazzi-satsane,- alt under leiing av Maestro Gunvald Ottesen.