Når KI blir gud – kva er då eit menneske?
Billettar
Om arrangementet
Forfattar, omsetjar og prest Hans Johan Sagrusten: Om kunstig intelligens, gudsbilete og menneskesyn
Kven er vi, når maskinene blir meir intelligente enn vi? Kva står att som det sant menneskelege, når maskinene slår oss på dei siste områda der vi har dominert: evnene til å læra, skapa og vera kreative? Kan vi lenger kalla oss den fremste skapningen på jorda, når vi har laga ein skapning som overgår oss sjølv? Kva skjer då med synet vårt på både Gud og menneske? Og kva med sjølvmedvit, kan maskina ha det? Desse og liknande spørsmål tek forfattar Hans J. Sagrusten opp.
Foredraget handlar om kva samtalene med KI-robotane gjer med vårt syn på mennesket og på kvarandre. Kven er vi, og kva som skjer med oss i møte med den digitale revolusjonen? Men det er også eit foredrag om gudsbilete. Kva har KI gjort med vårt syn på ein høgste intelligens? Liknar KI kanskje på ein guddom vi alltid har leita etter? Kva skjer dersom vi forvekslar kunstig intelligens med det store intellektet som vi kallar Gud?
Hans Johan Sagrusten er bibelomsetjar og prest, forfattar og foredragshaldar og har arbeidd i Bibelselskapet i ei årrekkje. Han har skrive ei rad med bøker om Bibelen, blant andre bestseljarane Det store puslespillet (2014), RIK bibelbruk (2018) og Johannes’ openberring – ein samtidsvisjon (2022). Dei siste åra har han halde over 400 populærvitskaplege foredrag om Bibelen i kyrkjer, organisasjonar og institusjonar over heile landet.
Det vert høve til spørsmål og ordskifte.
Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord bibliotek.
