Nøtteknekkeren

Om arrangementet

Grand Kyiv Ballett

Jula er fylt med magiske eventyr, og Nøtteknekkaren er eitt av dei. Opplev den verdskjente balletten i desember, med dansarar frå anerkjente Kyiv Grand Ballet på scena!

Det opprinnelege eventyret «Nøtteknekkeren og musekongen» blei skrive av den tyske forfattaren E.T.A. Hoffman i 1816. Nesten 50 år seinare, skreiv den franske forfattaren Alexandre Dumas ein ny versjon av Hoffman sitt eventyr. Dumas sin versjon blei i 1892 gjort til ein ballett med Peter Tsjajkovskij sin vakre, fengande musikk og koreografi av Marius Petipa.

Sidan den gong, har Nøtteknekkaren blitt ein av verdas mest kjente ballettar og eit kjært juleeventyr for mange. Kort fortalt er handlinga eit juleselskap som blir til ei reise inn i ei ung jente sin julenattsdraum full av skumle, vakre og morosame scener der publikum blir med på ei fantasifull eventyrreise i lag med med Klara og Nøtteknekkarprinsen. Framsyninga blir årleg oppført på teater- og operascener over heile verda.

Kyiv Grand Ballet er eit balletteater som turnerer i Europa, med klassisk ballett på repertoaret. Dansarane kjem frå ballettane i Kharkiv og Kyiv i Ukraina.

Varer 2 timar inkl. pause.
Høver for eit publikum på 5 år og eldre.