Ost- og sidersmaking med Thor Oddvar Havn og Arvid Notland

Om arrangementet

Bli med på ost- og sidersmaking i Brasserie 59° saman med osteekspert Arvid Notland og pommelier Thor Oddvar Havn!

Gjennom kvelden får du smaka nøye utvalde ostar i kombinasjon med ulike typar sider, og oppdaga korleis smakane utfyller kvarandre. Det blir historier, innsikt i produksjonsmetodar og sjølvsagt mykje god prat om smak og kva som gjer desse kombinasjonane så spesielle.