Peppa Gris Live!

Om arrangementet

Overrasking!

Peppa Gris, kjent frå den suksessrike TV serien, kjem no LIVE på scenen for første gong i Noreg! Den britiske animasjonsserien om grisen Peppa og familien hennar er blitt ein enorm suksess hos små barn over heile verda, og produsentane av serien har laga 420 episodar. Dette gjer Peppa til den mest strømma tv-serien i Norege på mange år! 

Her kjem ein overraskande familiemusikal med den søte grisen og alle venene hennar. Det blir ein kjempefest! Girlander og ballongar fyller heile rommet! Dette blir ein veldig spesiell dag ... Mamma Gris og Pappa Gris har ei stor overrasking, men Peppa anar ikkje kva det kan vera.  Gjer du?

Bli med Peppa på eventyret hennar i denne familiemusikalen med song, dans, mykje humor og store gjørmete sølepyttar. Dei søte handdokkene, den fargerike naturen og sjølvsagt mange spennande overraskingar gjer showet til ein stor fest for heile familien!

Og du – Sjølvsagt blir det mogeleg å møta Peppa og ta eit nydeleg bilde og få ein stor klem etterpå!


Produsent:             Big Bear Entertainment AS

Nordisk regi:        Bjarni Thorsson
Original regi:        Mark Haayema
Koreografi:           Stijn Mac Gillavry
Dukke-regi:          Koen Iking
Manus:                 René Noorderveen
Norsk omsetjing: Elisabeth Bjørnson. Norske songtekstar: Gabriela Lukassen
Musikk:                TMT Productions
Dokker:                Kathelijne Monnens og Joris van Veldhoven
Scenografi:           Van Hoorne Entertainment
Rettigheter:          Astley Boker Davies Ltd og Entertainment One UK Ltd.

Medverkande: Ane Eikemo, Christine Leer-Salvesen, Kyrre Vanebo, Mattis Johannessen og Liv Natalie Nymo.


Framsyninga er 55 minuttar uten pause.