40 år og like blid!

Jubileumsfest for Stord kulturhus som feirar 40 år!

Stord kulturhus blei opna 17. november 1978, og dette må feirast med ei skikkeleg festframsyning!

Jubileumsfesten byrjar klokka 17.00, men det vil bli servering av kake og kaffi frå klokka 16.00 i vestibylen.

Festframsyninga høver for alle og vil ha eit variert musikalsk program med musikklina ved Stord VGS, Stord kulturskule, Stord teaterlag og Olsen og Jensens viseklubb. Viseklubben har henta fram nokre av godbitane frå musikkåret 1978, og her var det mykje å ta av! Dette året kom det plater ut frå mellom anna Talking Heads, Patti Smith, Bruce Springsteen, The Band, The Rolling Stones, Blondie og Elvis Costello som alle kan reknast som klassikarar i dag. 

Sjølve festmarkeringa byrjar allereie tidlegare på dagen med Bok og bolle på biblioteket kl 12.00 med Magnus Blom, Camilla Ruhs og Kristine Torkildsen. På biblioteket blir det og ei utstilling av norsk skjønnlitteratur gjennom 40 år.

Symjehallen vil by på ekstra aktivitetar i bassenget, utvida opningstid og spesialpris: 1 vaksen + 1 born til kr. 40. 

Internasjonal kulturklubb (IKK) lokkar med thailandsk mat i kultursenteret kl 11.30 - 15.30. 
 


Billettar til 40 år og like blid!

  1. Lau 17. nov kl 17:00 40 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_