Bjarte Tjøstheim «Det går betre no»

Korleis kan ein leva av å vera komikar og utlevera seg sjølv - når ein innerst inne er engsteleg av natur?

Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leva med frykt for det aller meste. 

Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kompisane sine i hagen til naboen i Randaberg. Dette barndomsminnet stadfestar den indre redsla for kva livet kan føra med seg av farer og utfordringar. 

I soloframsyninga Det går betre no viser Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historiar frå sitt ytre daglege, og sitt indre liv. Som presteson med vaklende gudstru er håpet at englar skal komma for å redda han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med vinger, eller berre med kvit frakk. 

Den største redsla er likevel å bli gal og at psykiataren skal sei at han er klin koko. Men då Bjarte først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vera. 


«Med humoren i bakhånd utleverer Bjarte Tjøstheim sin angst med et hjerte som er både åpent og varmt» VG

«nær og sår teaterforestilling om livets store utfordringer.» Dagsavisen

«I en blanding av tragikomiske situasjoner og kloke refleksjoner klarer Bjarte Tjøstheim å si noe viktig om hvordan det er å leve med angst.» Vårt Land 



Billettar til Bjarte Tjøstheim «Det går betre no»

  1. Fre 6. mar kl 19:00 480 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_