Boxism

Ei eksplosiv, sjangeroverskridande framsyning om å bryta ned menneskeskapte grenser.

Kvifor treng me så ofte å gje kvarandre merkelappar, gruppera kvarandre og putta kvarandre i båsar? I Boxism møtest nokre av Noregs fremste dansarar innan hip hop, samtidsdans, jazzdans og breaking. Kva sjanger eller «boks» kan denne framsyninga då plasserast i? 

Boxism tar for seg temaet utvisking av menneskeskapte grenseliner og båsar. Tittelen er basert på det engelske uttrykket "to be put in a box", eller på norsk, "å bli satt i bås", og viser til at det å setja kvarandre i bås er eit samfunnsfenomen på lik line med andre -ismer; racism, feminism, nationalism, sexism osv.

Boxism er full av energi og eksplosivitet. Seks dansarar med bakgrunn i ulike dansesjangrar møtest. Handlinga blir driven fram av ein tekstformidlar. Målet er utforsking av grenselandet og kryssingspunkta mellom dei ulike stiluttrykka. Gjennom samarbeid og fordjuping i felles problemstillingar får ulike uttrykksformer fungera i samspel. Visjonen er ei framsyning som bryt med gitte konvensjonar om form og innhald i ei danseframsyning; ei framsyning som ikkje kan plasserast i nokon spesifikk sjanger (”boks”).

Omgrep som fordommar og stigmatisering blir problematisert og sett på dagsorden. – Kva er det i oss som gjer det så lett å møta det som er annleis med skepsis? – Is it time to break the box?


Boxism hadde urpremiere den 1. og 2. mars 2018 i Bærum Kulturhus. 


Idé, konsept og kunstnarleg leiing/koreografi: Catherine Michelet

Kunstnarleg medansvarleg og medverkande: Navid Rezvani

Dansarar: Eivind Linn, Christiane Bergersen, , Sara Einbu og Catherine Michelet, Marco Wihlborg, William Boo



Scenografi og lysdesign: Ola Bråten

Lyddesign: Bernt Karsten Sannerud

Tekst og dramaturgi: Oda Radoor

Kostymekonsulent: Signe Vasshus

Produsent: Catherine Michelet

Forestillinga er støtta av Kulturrådet, Fond For Utøvende Kunstnere og Fritt Ord, og co-produsert av Bærum Kulturhus – Regionalt kompetansesenter for dans. 


Turneen hausten 2019 vert presentert av Dansenett Norge.


Catherine Michelet

Catherine Michelet er dansar utdanna frå Kunsthøgskolen i Oslo, og har dei seinare åra jobba stadig meir med koreografi ved sida av sitt virke som utøvar. Catherine har jobba som dansar innan eit breidt spekter av stilartar, som jazzdans, samtidsdans og hip hop. Ho har medverka i diverse produksjonar for scene og TV, og turnert landet rundt med fleire oppsetningar. I tillegg har ho jobba med dans og undervisning på skular og i asylmottak. Med ”Boxism” har Catherine no utvida sitt kunstnarskap til å omfatta både rolla som koreograf, produsent og utøvar.



Billettar til Boxism

  1. Fre 18. okt kl 19:00 270/100 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_