Flygel til lunsj

Nyttårslunsjkonsert i kulturhuset!

Velkommen til nyttårskonsert og opning av den splitter nye konsertserien Flygel til lunsj! Ta ein liten pust i bakken etter laurdagshandelen og nyt ei musikalsk vitamininnsprøyting.

Denne laurdagen tek pianist Marita Kjetland Rabben og sopran Ingrid Vetlesen på seg finstasen og serverer feststemte operaperler til krystallglasa sprekk og konfettien sprutar! I tillegg urframfører Marita solostykket «Pianoramaskrik» – eit avslørande dykk inn i kvardagen til ein pianist – skrive på bestilling av komponist Trygve Brøske. Musikarane blandar humor og alvor, kjend og ukjend musikk, og det vert sal av kaffi og noko å bita i.

OM FLYGEL TIL LUNSJ

Pianist og stordabu Marita Kjetland Rabben er produsent for Flygel til lunsj. To laurdagar i halvåret inviterer ho med seg musikarkollegaer frå heile landet til lunsjkonsertar av høg kvalitet og i ei uformell ramme. Konsertane varer ein times tid, og publikum vert inviterte opp på scena i Storsalen, tett på utøvarane og kulturhuset sitt fantastiske Steinwayflygel. 

Mange forbind klassisk-sjangeren med lange kveldar i mørke salar.  Men her skal ein kunna stikka innom som ein er og nyta klassisk musikk i sma° porsjonar, over ein kopp kaffi.

Tema for konsertane blir svært variert, og serien er meint som eit lågterskeltilbod til alle som har lyst til å krydra helga med ei lita musikkoppleving.

Flygel til lunsj er støtta av Norsk Kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.



Billettar til Flygel til lunsj

  1. Lau 9. feb kl 14:00 100 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_