Flygel til lunsj

HVEM DREPTE SOPRANEN? Velkommen til sesongens andre Flygel til lunsj-konsert! Ta ein liten pust i bakken etter laurdagshandelen og få med deg ein nervepirrande operakrim.

Rett før konserten skal starta, blir sopranen funnen død bak scena. Og ikkje nok med det; det ser ut til at ho er offer for eit kaldblodig mord! Ingen får forlata lokalet før drapsgåta er løyst. Kva har ført til denne dramatiske hendinga? Og er mordaren framleis i salen?


Sopran Maren Myrvold og pianist Marita Kjetland Rabben har valt ut nokre av sine favorittar frå operaen og det klassiske repertoaret- musikalske perler som vert radbrekte og framførte slik du aldri har høyrt dei før. Det blir dramatisk, vakkert, nifst og (forhåpentlegvis) høve til å trimma lattermusklane. Og sjølvsagt blir det kaffi og loddtrekning.

Musikarane har turnert med Hvem drepte sopranen nord, sør og aust i landet, men aldri før på Vestlandet.


OM FLYGEL TIL LUNSJ

Pianist og stordabu Marita Kjetland Rabben er produsent for konsertserien Flygel til lunsj. Tre laurdagar i året inviterer ho med seg musikarkollegaer frå heile landet til lunsjkonsertar av høg kvalitet og i ei uformell ramme. Publikum vert inviterte opp på scena i Storstova, tett på utøvarane og kulturhuset sitt fantastiske Steinwayflygel. 


Mange forbind klassisk-sjangeren med lange kveldar i mørke salar.  Men her skal ein kunna stikka innom som ein er og nyta klassisk musikk i små porsjonar, over ein kopp kaffi.

Konsertane blir svært varierte, og serien er meint som eit lågterskeltilbod til alle som har lyst til å krydra helga med ei musikkoppleving.


Flygel til lunsj er støtta av Norsk Kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.



Billettar til Flygel til lunsj

  1. Lau 28. sep kl 14:00 200 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_