Flygelkonsert: Tor Espen Aspaas

Flygelkonsert

PROGRAM:

Schumann: Arabeske i C-dur, op. 17

Chopin: Ballade nr. 3 i Ass-dur, op. 47

Beethoven: Klaversonate i f-moll, op. 57 «Appassionata»

- PAUSE -

Grieg: Lyriske stykker, op. 43

Chopin: Ballade nr. 4 i f-moll, op. 52

Beethoven: Klaversonate i Ass-dur, op. 110


Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte pianistane og musikkformidlarane i sin generasjon av norske musikarar. I 2016 blei han utnemnt til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats for musikk- og kulturformidling.

I 2006 blei han professor ved Norges musikkhøgskole der han, ved sida av undervisning og rettleiing, gjer eit forskingsprosjekt på improvisasjonens rolle i Beethovens kreative prosessar og verk, sjå www.nmh.no. Han er tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar (mellom anna De Unges Lindemanpris, Levinprisen og Nils Larsens legat) og han har vore solist med fleire internasjonale symfoniorkester i tillegg til samtlege norske etter den kritikarbejubla debuten med Oslo-Filharmonien i 2000. 

Mellom dirigentane Aspaas har samarbeids med som solist, er namn som Frans Brüggen, Vassilij Sinajskij, Michel Plasson, Stefan Karpe, Krzysztof Urbanski, Christian Eggen, Bjarte Engeset, Peter Szilvay, Rolf Gupta og Arvid Engegård. Med sistnemnte som dirigent for Trondheim symfoniorkester urfremførte han i 2011 Olav A. Thommessens klaverkonsert nr. 3. Med samme orkester, dirigert av Daniel Blendulf, urframførte han i 2016 Terje Bjørklunds første klaverkonsert.

Ved sida av konsertar og verdsomspennande turnéar er han jamnleg engasjert ved norske og internasjonale festivalar og seriar. Hausten 2010 gjorde Aspaas seg bemerka med ein serie fremføringar av Debussys 24 preludier komplett, bl.a. i Den Norske Opera. I 2013 fekk han sin USA-debut med ein solorecital i Carnegie Hall, NY.

Aspaas har eit titals CD-utgjevingar bak seg, mellom desse internasjonalt kritikarroste solo-CDar med verk av Beethoven, Schönberg, Berg og Webern samt den franske komponisten Paul Dukas’ samla klaververk. Han var ein av initiativtakarane og kunstnarleg leiar for Vinterfestspill i Bergstaden på Røros i åra 1999-2008 samt for 2014, sjå www.vinterfestpill.no.

Tor Espen Aspaas blei fødd på Røros i 1971. Han studerte ved Norges musikkhøgskole med prof. Liv Glaser og prof. Jens Harald Bratlie og mottok i 1996 sitt solistdiplom før han debuterte i Oslo året etter med strålande kritikkar.


Tor Espen Aspaas si nettside: www.pianisten.no

Foto av Tor Espen Aspaas: Tevje Akerø



Billettar til Flygelkonsert: Tor Espen Aspaas

  1. Tor 19. sep kl 19:00 200 kr   Scene, Storsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_