Himmelhamn & Walgermo

Falturiltu og Stord sokneråd inviterer til ei spennande og stemningsskapande stund i Stord kyrkje med bandet Himmelhamn og forfattar Alf Kjetil Walgermo.

Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har med boka Ein røff guide til bibelen, skrive ei kunnskapsrik og lett tilgjengeleg innføring i Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.

Bandet Himmelhamn måtte søke bakover for å finne fram –  og gamle salmebøker inspirerte Vigleik Winje til å skrive ny musikk til gamle tekstar. Bak støv og utilgjengelege skrifttypar fant han radikale tekster om mennesket og Gud. Her var det få snarveier, og tekstene handterer spennet mellom uro og fred, håp og fortviling, frelse og fortaping på et vis som kjennest ekte.

Himmelhamn har eit sterkt melodifokus som vert formidla i et organisk og nært uttrykk. Musikken spenner frå enkle singer songwriter melodier til meir sfæriske arrangement.

Himmelhamn :
Vigleik Winje: Vokal, akustisk gitar, el-gitar & metallofon. Hanne Undheim Askeland: Vokal: Jarle Kristoffersen: Cello. Torleiv Fossum: Banjo, pedal steel, akustisk gitar & el-gitar. Kjell Magne Fauskanger: Bass. Fauskanger er utflytta Stordabu, og Kristoffersen er cellolærar i Stord kulturskule. 


Arrangementet er  eit samarbeid mellom Falturiltu og Stord sokneråd.


Billettar til Himmelhamn & Walgermo

  1. Ons 7. nov kl 19:00 200 kr   Stord kyrkje Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_