Jungelboken

Tradisjonen tru set tredjeklasse ved Stord Vidaregåande Skule Musikklina opp ein barnemusikal i høve pengeinnsamling til vår klassetur til Berlin hausten 2019. I år er me så heldige å få setja opp «Jungelboken», dramatisert av Vidar Magnussen.

Boka kom ut i 1894 og er skrive av Rudyard Kipling. Her les ein om menneskjebarnet Mowgli sin oppvekst saman med jungelen sine ville dyr.

I Vidar Magnussen si dramatisering av Kipling sin roman får me møta alle dei kjende rollene, samt nokre nye sjarmerande karakterar. 

Her får me møta menneskeguten Mowgli, panteren Bagheera, bjørnen Baloo, slangen Kaa, apekongen Kong Louie, gribbane Grim og Gribben, ulvane Raksha, Rama og Akela, elefantane General Snabel og Mening Snutt, og den farlege Shere Khan. Også ein heilt ny karakter dukkar opp, nemleg kameleonen Keme Kameleon, som prøver alt han kan for å hjelpe Mowgli.



Billettar til Jungelboken

  1. Fre 23. aug kl 18:00 200/150 kr   Stord VGS konsertsal Kjøp
  2. Lau 24. aug kl 14:00 200/150 kr   Stord VGS konsertsal Kjøp
  3. Lau 24. aug kl 18:00 200/150 kr   Stord VGS konsertsal Kjøp
  4. Søn 25. aug kl 14:00 200/150 kr   Stord VGS konsertsal Kjøp
  5. Søn 25. aug kl 18:00 200/150 kr   Stord VGS konsertsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_