Karius og Baktus

Ikkje gjer som mora di seier!

Gjer deg klar til å møta to energiske små karar som tar innersvingen på både liten og stor. Riksteatret viser den ”originale” Karius og Baktus - tru mot Thorbjørn Egner si historie og garantert godt barneteater. 

Thorbjørn Egner sin barneklassikar er ein del av vår moderne kulturarv, og fortellinga om dei to rampete tanntrolla lever i beste velgåande.  Fortellinga dukka opp i 1946, til fryd for mange, og til skrekk og åtvaring for dei som slurva med tannpussen. Skremselspropaganda eller ikkje, Karius og Baktus har i over 70 år vist at den har livets rett, ikkje minst takka vera dei rike  bokillustrasjonane til Egner, NRK-høyrespel og Ivo Caprino sin velkjente dokkefilm.


"En forestilling hvor alle de yngste får gjenkjennelsen, og vi voksne underholdes"

VG (terningkast 5)


Gap opp!

Høver for barn frå 3 år.


På scenen: Christine Stoesen, Linda Tørklep og Jan Huse.

Regissør: Arne Lindtner Næss. Scenograf: Einar Dahl. Dokkedesignar: Christine Stoesen. Komponist: Christian Hartmann. Produsent: Emnet Kebreab


Framsyninga varer i 35 minuttar (ingen pause).


Produsert av Riksteatret. Forlag: Songbird



Billettar til Karius og Baktus

  1. Mån 19. nov kl 18:00 230 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_