Korps

Humoristisk kjærleikserklæring til korpslivet!

Ei verkeleg sjarmbombe som treffer uavhengig av alder og korpserfaring! Med sin attkjennande humor har Knut Nærum laga ein hyllest til små og store musikantar, overivrige korpsforeldre, ambisiøse dirigentar og tolmodige naboar. Her er gryande ungdomsforelskingar, intrigar og evige venskap. Ikkje minst er det sjølvsagt massevis av musikk framført av korps!

I denne varme familieframsyninga møter me to skodespelarar i mange morosame roller og med seg på scenen har dei lokale korps. Dette er nemleg historia om eit korpsår då dei to nybakte tenåringane Silje og Emil møtast. Ein kan ikkje kalla det kjærleik ved første blikk, men det tek ikkje lang tid før det blir spleisemeny og rekordforsøk i å halda hender. Gjennom førestillinga følger me Silje og Emils opp- og nedturar, og me får ta del i livene deira og det store engasjementet rundt loddbøker, loppemarknad, 17. mai-marsj og kretsmeisterskap.


Originalproduksjon og idé: Teater Innlandet.

Framsyninga blir presentert av Den Nationale Scene.

NB: Spesialpris for korpsmedlemmar (2 billettar til kroner 160,- kan kjøpast i billettluka i Stord kulturhus)


Billettar til Korps

  1. Fre 22. mar kl 19:00 320 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_