Linda Eide: Oppdrag Mottro

Ei personleg jakt i ei felles fortid Av og med Linda Eide

Hordaland Teater presenterer: Linda Eide: Oppdrag Mottro

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Endeleg kan publikum på Stord få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev , trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.


Pressa meiner:  

Bergens Tidende:  

«I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig. Det er et stykke norgeshistorie, en morsom forestilling og en rørende seanse.»

…..»Det rolige tempoet og den tilbakelente stilen kler Eide. De små musikksnuttene pakker inn forestillingen aldeles nydelig og fortellingen er i det hele tatt tett og effektiv. Og til sist: for en scenepersonlighet Linda Eide er. Skulle tro hun aldri hadde drevet med noe annet enn scenekunst»

Dag og Tid, Jan Landro: 

«Med Oppdrag Mottro har Hordaland Teater, som har flytta frå Fana til Bergen sentrum, vunne nok ein siger og synt både bergensarar og strilar at det finst eit godt nynorskteater i hjarta av byen»


Avisa Hordaland: «Trampeklapp for Linda og Mottro»  

«Kor mange gonger har me ikkje høyrt at den store kunsten ligg i å gjera det personlege og eigenopplevde til noko allment attkjenneleg? I så måte er Linda Eide sin monolog Oppdrag Mottro stor kunst.»

«Linda og regissør Arvid Ones har på meisterleg vis funne den fine balansegangen som held publikum å tå hev «… «Sjeldan har tida gått så fort.»


Av og med Linda Eide

Regi Arvid Ones

Scenografi Olav Myrtvedt

Lys Einar Bjarkø

Video Einar Bjarkø, Linda Eide

Video / lyd tilrettelegging Mathias Grønsdal

Mottro si stemme Liv Bernhoft Osa

Produsert av Hordaland Teater i samarbeid med HiHat.

Framsyninga varer i 1 time og 20 min utan pause.



Billettar til Linda Eide: Oppdrag Mottro

  1. Ons 28. aug kl 19:00 395 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_