Lucia

Kjenner du myta om Sankta Lucia som me feirar med Lucia-tog og lussekattar 13. desember?

Foreininga Spinae Sunnhordland og Spinae Company inviterer til ei teater-, song- og danseførestilling om historia til Lucia. Ei flott førjulsoppleving for heile familien med 200 barn, unge og vaksne på scenen!

Lucia var ei rikmannsdotter med eit hjarta av gull. Som takk for at den heilage Agathe reddar livet til mor hennar, gir ho alt ho eig til dei fattige. Ho vert forfølgt, brent på bålet, men verkar udødeleg! 

I vår versjon av Lucia-historia møter du både Lucias terner, hekser, skumle nissar og dansande peparkaker! 


I kjend Spinae-tradisjon er det flotte kostymar, god musikk, og spennande, nyskapande scenografi.

Magdalena From Delis, har laga manus og er kunstnerisk leiar. Komponist Petter Misje har skrive musikken.



Billettar til Lucia

  1. Tor 12. des kl 18:00 220/200 kr   Storsalen Kjøp
  2. Fre 13. des kl 18:00 220/200 kr   Storsalen Kjøp
  3. Lau 14. des kl 14:00 220/200 kr   Storsalen Kjøp
  4. Lau 14. des kl 18:00 220/200 kr   Storsalen Kjøp
  5. Søn 15. des kl 14:00 220/200 kr   Storsalen Kjøp
  6. Søn 15. des kl 18:00 220/200 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_