Mike Stern & Jan Gunnar Hoff Group

Mike Stern & Jan Gunnar Hoff Group gjestar Stord Jazzklubb.

Det er eit superband me får oppleva! 

Den norske jazzpianisten på internasjonalt toppnivå, Jan Gunnar Hoff, og gitaristlegenda Mike Stern har samarbeidd sidan 2006. Frå 2016 har dei turnert Noreg og Europa i kvartett med bassist Per Mathisen og trommis Audun Kleive, musikarar på toppen i det store jazzlandskapet. I 2018 gav bandet ut albumet «Jan Gunnar Hoff Group featuring Mike Stern», som har fått mykje fin omtale. 

Desse glitrande instrumentalistane og deira samspel seg imellom tek publikum med inn i jazzregnbogen sitt mangefasetterte fargespekter. Ein blir invitert inn i temabaserte balladar som gir ro i sinnet og ein får servert energisprakande møte mellom jazz, funk og rock, fusion-musikk som kan ta pusten frå ein og gi skrekkblanda fryd! Vel verdt å bruka ei kveldstund på denne konserten! Bør vel og kunna appellera til den yngre garde?


Mike Stern er stjerna i kvartetten! Denne verdskjende, amerikanske gitaristlegenda kan syna fram ein imponerande CV.  Frå då han i 1976 byrja karriera si i Blood, Sweat & Tears, via deltaking i Miles Davis sitt store comeback i 81, fram til i dag, har han vore ein av dei største gitaristane i jazzen. Den 67 år gamle, evigunge Mike Stern har gjennom førti år spelt med ei lang rekkje av dei mest kjende jazzartistane, som Billy Cobham, John Scofield, Jaco Pastorius, Jack DeJohnette, Michael Brecker, Chick Corea, Richard Bona, og den norske pianisten Jan Gunar Hoff med sine medmusikantar. Mike Stern har ved fleire høve fått prisar, som Best Jazz Guitarist of the Year i 1993 (Guitar Player) og Best Jazz Guitarist i 1997 (Orville W. Gibson Award), nominert til Grammy Award i 1996. Gle deg til å få høyra Mike Stern sin legendariske gitarsound!


Jan Gunnar Hoff er veteran i norsk musikkliv, velkjend som pianist og keybordist i inn- og utland, samarbeidd med kjende musikarar, som Mike Stern, Pat Metheny, Jan Akkermann, Marilyn Mazur, Anders Jormin og ei rekkje norske musikarar.  Han har medverka på mange innspelingar, 20 album i eige namn. Jan Gunnar Hoff har komponert meir enn 250 verk for ulike bestningar og vore leiar for mange musikkprosjekt. I 2013 vart hans «Hoff Ensemble» nominert til US Grammy Awards med albumet «Quiet Winter Night», og i 2014 fekk han den prestisjetunge Buddy-prisen, høgaste utmerkinga i norsk jazz. Jan Gunnar Hoff er professor ved universiteta i Tromsø og i Kristiansand. Flott at jazzpianistar låner klaviaturet på nytt Steinway-flygel i Stord Kulturhus!


Per Mathisen gjesta Stord Jazzklubb i fjor, saman med Ulf Wakenius og Gary Husband. Tidvis gav dei publikum bakoversveis og tidvis lyriske balladar som nådde inn i sjela.  Superbassisten, plateartisten og kompositøren Per Mathisen har stor spennvidde i spelet sitt, er norsk svar på Jaco Pastorius på elbass og norsk svar på Niels Henning Ørsted Pedersen på kontrabass. Per «Bass Viking» Mathisen er kjend for sitt groovete elbass-spel, men tar og gjerne fram kontrabassen og tryllar fram lyriske bassgangar. Han har, saman med mange kjende jazzartistar,  halde konsertar i meir enn 35 land kloden rundt og gitt ut 15 album med ulike besetningar.  Per Mathisen må nett no kunna karakteriserast som den hottaste bassisten på den norske jazzhimmelen. 


Audun Kleive har omdømme innan jazzfamilien omtalt som «true royalty», oversetjast med «sann prakt og vørdnad». Ingen store fakter, men ein særeigen teknikk og eit musikkuttrykk som legg att spor! Som ei anerkjenning i norsk og internasjonal jazz er han høgt respektert av kollegaer. Han er ei stor inspirasjonskjelde for mange unge jazzmusikarar. På grunn av kvalitetane som jazzartist, har Audun Kleive delteke på meir enn hundre plateinnspelingar. I 1989 fekk han pris som  Årets Jazzmusiker i Noreg,  i 2017 fekk han Buddy-prisen. Audun Kleive gjesta nyleg Stord Jazzklubb som medlem av Tor Yttredal Impression Quartet, og over 150 i salen fekk både høyra og sjå denne eminente rytmefantasten live. Truleg gav det «meirsmak»!


Line-up:  Mike Stern (gitar), Jan Gunnar Hoff (piano), Per Mathisen (bass), Audun Kleive (trommer)



Stord Jazzklubb





Billettar til Mike Stern & Jan Gunnar Hoff Group

  1. Lau 2. mai kl 19:00 350 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_