MOT - Utstillingsopning

Marta Nerhus

Stord kunstlag er glad for å invitera til kvinneutstillinga i kunsthallen, Stord Kulturhus 8.mars. 
MARTA NERHUS stiller ut sine flotte arbeid der ho brukar streng og metalltråd som materiale. Dette materiale har ho jobba med i over 30 år, første gong då ho gjekk tekstillinja på Kunsthøgskulen i Bergen. Då henta ho gamal hesjestreng frå heimen sin i Ølve for å veva med.

"For meg er strengsula eller snella, ein tråd, ein strek, mitt alfabet, som eg kan bruka til å seia noko om livet, og mine verdiar og spørsmål og samstundes så er det så uendeleg skjørt".

MOT er namnet på utstillinga og for Marta er kvinnedagen 8. mars kjempeviktig. "Å markera og å setja fokus på verdiar som vert gløymde i vår marknadsliberale og seinkapitalistiske verd. I år vert det og viktig å forsvara abortlova når mørkemenna, med Erna Solberg si velsigning, får så tvil om kvinner si vurderingsevne i abortspørsmålet".


Opning FREDAG, 8. Mars, kl 18:00

Opningstider tysdagar og torsdagar kl 18-20. Laurdagar kl 12-14
Billettpris: kr 50,- (medlem og born gratis).


Billettar til MOT - Utstillingsopning

  1. I dag kl 18:00

    MOT

    Kunsthallen Ope
  2. Lau 23. mar kl 12:00

    MOT

    Kunsthallen Ope
  3. Tys 26. mar kl 18:00

    MOT

    Kunsthallen Ope
  4. Tor 28. mar kl 18:00

    MOT

    Kunsthallen Ope
Vis hele programmet
_
_
_