Rekviem for dei namnlause

Ei musikalsk, poetisk og visuell framsyning.

Marita Kjetland Rabben (pianist og produsent)

Kjersti Elvik (skodespelar)

Gunnar Fretheim (videokunstnar/scenograf)

Innleiing ved forfattar Atle Hansen

Denne vesle, vakre, kraftfulle konsertframsyninga er basert på diktsyklusen Rekviem av russiske Anna Akhmatova. Rekviem er vigd minnet om alle som vart offer for Stalins terror, først og fremst dei etterlatne kvinnene. Det handlar om ein del av historia som me aldri må gløyma, og er samstundes aktuell langt inn i vår eiga tid.

Møtet mellom tekst, klavermusikk og videoanimasjonar opnar for heile kjensleregisteret - frå det dramatiske og brutale, til det lyse og håpefulle.

Rekviem for dei namnlause  fortel om korleis det er a° vera menneske i eit samfunn utan fridom. Framsyninga er også eit portrett av Anna Akhmatova, ein av 1900-talets største russiske forfattarar, og «heile Russland si stemme». 


Tekst av Anna Akhmatova,

omsett til nynorsk av Halldis Moren Vesaas

Musikk av Gubaidulina, Rachmaninov, Tveitt, Bach, Scriabin m.fl.


Scenen i kinosalen som intimsal. 



Billettar til Rekviem for dei namnlause

  1. Søn 3. jun kl 19:00 200 kr   Scene Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_