Riksteatret: Bukke Bruse lager rumpebrann

Bukkene Bruse vender tilbake og set fyr på rumpa til trollet! Av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund. Dramatisert av Tine Thomassen.

Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjrera i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir alt for dyrt. Han vil heller på setra slik dei gjorde før. "Æsj," sier dei to minste. "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vafler på setra, og til slutt dreg dei av garde. Men kor er det blitt av trollet?

Ein av Riksteatret sine største suksessar dei seinaste åra er Bukkene Bruse på Badeland  – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursund si enormt populære barnebok. No kjem oppfølgjaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei forestilling som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å gleda seg!


Framsyninga høver for barn frå 3 år.


Urpremiere i Nydalen, Oslo 28. februar 2019.

Turnepremiere 6. mars 2019. På turne våren og høsten 2019.


På scenen: Janne Starup Bønes, Madeleine Barosen Herholdt, Jørn Morstad, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Stolp og Erlend Rødal Vikhagen.

Regissør: Ivar Emil Tindberg. Scenograf: Gjermund Andresen. Kostymedesignar, Dokkedesignar: Ingrid Nylander. Lysdesigner: Martin Myrvold. Komponist: Peter Baden. Produsent: Rebecca Mathisen


Produsert av Riksteatret



Billettar til Riksteatret: Bukke Bruse lager rumpebrann

  1. Lau 7. sep kl 18:00 230 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_