Riksteatret: Fuglane

Den som har møtt Mattis gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon får møta han. Av Tarjei Vesaas. Dramatisert av Lasse Kolsrud.

Fortellinga om Mattis har fengsla stadig nye generasjonar sidan romanen til Vesaas kom ut. Han er så lett å bli glad i – Tusten, som han vert kalla i bygda. Me dreg kjensel på han, både hos andre og i oss sjølve. Og likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han rører oss så sterkt – uansett kor me  sjølve måtte vera i livet.


Mattis og storesøstera Hege bur åleine og i svært enkle kår. Ho strikkar for å skaffa til livets opphald, men når Mattis tar seg ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si eiga verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekkjer over hustaket. Han kjem til å tenkja på seg sjølv som en slik underleg fugl, og tolkar dette som eit teikn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eit av de høge trea utanfor huset. Dét ser han òg som eit varsel – dei tretoppane har han kalla for Mattis-og-Hege. Og når tømmerhoggaren Jørgen dukkar opp, og får husrom hos dei, og Hege og Jørgen etter kvart blir kjærastar, tykkjer Mattis at heile livet er endra. Kva skal han gjera? Mattis kan ikkje tåla eit liv utan Hege.


Fuglane er dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger, både i Noreg og utlandet. Denne gongen presenterer mei Vesaas sitt meisterverk i ein heilt ny versjon. Den er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Han har dei seinaste åra hatt ansvaret for eit heilt knippe suksessar på Riksteatret, frå Bikubesong og Førstereis til Kan nokon gripe inn. Han vil gi historia si unike blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor.

Riksteatret skal fortelja historier som foreinar eit publikum over heile landet – historier som gir oss tilhøyrsle til kulturen me lever i, som gjer vår felles livsoppleving attkjenneleg og levande og nærverande. Og viktig.

I norsk etterkrigslitteratur er Tarjei Vesaas sin roman Fuglane eit slikt felleseige.


Premiere i Oslo, Nydalen 17. januar 2019. 

 Turnepremiere i Seljord 21. januar 2019.


På scenen:  Lars Helge Throndsen, Ida Ursin-Holm, Tom Styve, Mads H. Jørgensen, Tore B Granås, Ingvild Holthe Bygdnes og Ane Ulimoen Øverli.

Regissør: Lasse Kolsrud. Scenograf: Milja Salovaara. Lysdesignar: Martin Myrvold. Komponist: Kjetil Schjander Luhr. Koreograf: Belinda Braza. Produsent: Emnet Kebreab

Framsyningslengde: Ikkje fastsett


Produsert av Riksteatret i samarbeid med Turneteatret i Trøndelag



Billettar til Riksteatret: Fuglane

  1. Søn 17. mar kl 18:00 400 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_