Riksteatret: Sult

Har du nokon gong kjent deg utanfor?

Sult kom ut første gong i 1890. Det skulle bli Knut Hamsun sin gjennombrotsroman og eit verk som samstundes innebar noko nytt i norsk litteratur. Hamsun skildrar både den fysiske svolten og den psykiske pina hos den namnlause hovudpersonen på ein måte som gjer at lesaren vanskeleg gløymer han. Sult er ein klassikar i moderne dikting som har halde på fascinasjonskrafta til den dag i dag. 


"Sult er en bok som jeg kommer tilbake til, igjen og igjen. Denne ubøyelige, nådeløse, perverse, komiske og usammenhengende undersøkelsen av en enslig karakters tilstand er så radikal at den fremdeles tar pusten fra meg." Siri Hustvedt 

-Hvem har ikke kjent på følelsen av å ikke høre helt til, eller være oversett av andre. Med Sult har jeg lyst til å vise at det er menneskelig å føle seg utenfor, sier Anders T. Andersen som skal ha regi og dramatisere Knut Hamsun sin klassikar for Riksteatret. Han står bak ei rekkje vellukka dramatiseringar av romanar for teater som De usynlige av Roy Jacobsen, Om våren av Karl Ove Knausgård  og Historie om et ekteskap av Geir Gulliksen. Andersen stod også bak filmatiseringa av Berlinerpoplene for NRK og slepper spelefilmen Fuglane basert på Tarjei Vesaa sin roman hausten 2019 og har i desse dager stor suksess med Bowie-musikalen Lazarus på Det Norske Teatret.  

Også denne gongen skal han laga ei teateroppsetjing med mykje bruk av bilete, video og musikk – med mellom andre skodespelar  Preben Hodneland og musikar Tuva Syvertsen fra Valkyrien Allstars på scena.


På scena:  Preben Hodneland, Julia Bache-Wiig, Sverre Bentzen, Torstein Bjørklund, Tuva Syvertsen og Petter Vermeli


Regissør: Anders T. Andersen, Scenograf: Dagny Drage Kleiva, Kostymedesignar: Mette Welle Jacobsen, Lysdesignar: Øystein Heitmann, Lyddesignar: Erik Hedin, Videodesignar: Kenneth Karlstad og Produsent: Emnet Kebreab


Framsyninga varer i 2 timar 20 min. (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 9. januar 2020

Produsert av Riksteatret


( Om du har rett på å kjøpa honnør- eller studentbillett må du visa fram gyldig prov)  

Billettar til Riksteatret: Sult

  1. Tor 5. mar kl 19:00 400 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_