Riksteatret: Vaffelhjarte

Ein ven i livet skulle alle ha!

Maria Parr er blitt omtalt som vår nye Astrid Lindgren og den nye superstjerna i norsk barnelitteratur. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk av Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du gleda deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vaflar, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to barna Trille og Lena i den vesle bygda Knert-Mathilde. I Riksteatret si store familieframsyning følgjer me dei to oppfinnsame barna gjennom liv og vaffelrøre eitt heilt år. Dei finn på mykje moro, gjer rampestrekar og har løyndomar i lag.  Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Og innimellom leven og lått fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redsla for å mista dei han er glad i. Men Farfar følgjer med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som lagar verdas beste vaflar, forsikrar Trille om at han ikkje treng å vera redd. 


Sagt om boka: 

"En hyldest til vennskap og fantasi."  Aftenposten 

"Noen bøker går bare rett hjem. Søker seg frem til hjertet og lattermusklene og blir der"  VG, 5


Høver for barn frå 5 år.

På scena:  Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Kjærsti Odden Skjeldal, Erlend Smalås, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu og Martin Karelius Østensen

Regissør: Kjersti Haugen, Musikalsk ansvarleg: Ket Iren Lødemel, Scenograf, Kostymedesignar: Dagny Drage Kleiva, Dramaturg: Tine Thomassen og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Framsyninga varer i 2 timar (inkludert pause).


Premiere: Oslo / Nydalen 7. februar 2020





Produsert av Riksteatret






--




Riksteatrets omtale: www.riksteatret.no/vaffelhjarte



Billettar til Riksteatret: Vaffelhjarte

  1. Søn 26. apr kl 17:00 260 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_