Songlaget Stordabuen: Stord, verda og musikken – 1970-åra

Songlaget Stordabuen mimrar om 1970-åra

Det er berre å gle seg, folkens: Songlaget Stordabuen er snart attende i Kulturhuset, denne gongen med ei heilt ny framsyning bygd på popmusikk frå 1970-åra. Etter tre fulle kulturhus i fjor, då 1960-åra var tema, vart det nærast eit publikumskrav at det måtte koma ein oppfølgjar med musikk frå 1970-talet. Det gjer det, altså.

Visst var det mykje fin popmusikk på 1960-talet, men i tiåret etterpå eksploderte det med nye band og sjangrar. Kven har ikkje sunge og dansa til musikk av Smokie, Dr Hook, Gasolin, Abba, Deep Purple, Pink Floyd, Toto, Bee Gees og Village People, for å nemna nokre? Eller artistar som Elton John, Rod Stewart og Donna Summer? 

1970-åra var gode for oss nordmenn. Norge hadde den høgaste økonomiske veksten i Europa, mykje på grunn av olje- og gassproduksjonen i Nordsjøen. Farge-TV vart allemannseige, ungane leika seg på Apache-syklar med speedometer og Crocket-hale på styret, og det var kvalbiff til middag. Tippekampen gjekk på fjernsyn og det var laurdagsunderhaldning med Erik Bye. Festus var den store folkehelten og Stord banka Viking i NM-cupen i fotball. 

Slik kunne me halde på. Lenge. Stordabuen framfører dei største hitsongane frå tiåret og minner oss på dei viktigaste hendingane. Få med deg denne kjekke stunda i lag med 70 glade songarar frå din eigen heimkommune.

Ide, manus og musikalske arrangement er ved koret sin dirigent, Torleiv Agdestein. Forteljarar er Knut Vika og Laila Føyen, begge med glimt i augo og gode kunnskapar om tiåret. Harry Størksen er regissør.

Premieren er laurdag 26. oktober 2019. Det er framsyningar sundag 27. oktober og onsdag 30. oktober.



Billettar til Songlaget Stordabuen: Stord, verda og musikken – 1970-åra

  1. Lau 26. okt kl 19:00 295 kr   Storsalen Kjøp
  2. Søn 27. okt kl 17:00 295 kr   Storsalen Kjøp
  3. Ons 30. okt kl 19:00 295 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_