STORD, VERDA OG MUSIKKEN. 1960-ÅRA

Denne hausten mimrar Songlaget Stordabuen om 1960-åra.

Kva var dei storpolitiske hendingane i verda på 1960-talet? Korleis påverka dei oss her på Stord? Og ikkje minst: Kva for ein populærmusikk var det folk lytta til det tiåret? Dette er dei tre spørsmåla framsyninga er bygd opp om.

Her er nok å velja i: Romkappløpet mellom Sovjetunionen og USA, opprettinga av Berlinmuren i 1961, mordene på Kennedy i 1963 og Martin Luther King jr i 1968, Cuba-krisa, som i 1962 førte verda på kanten av stupet til tredje verdskrig. Og ikkje minst 1969; året då Neil Armstrong som første menneske sette foten på Månen. Alt var hendingar som prega kvardagen vår også her heime.

Den nye musikkforma rock’n’roll vart fødd med Bill Haley og Rock around the clock alt i 1955. På 60-talet utvikla populærmusikken seg og me fekk fantastiske songar av grupper som The Beatles, Rolling Stones , Creedence Clearwater Revival, The Shadows og Beach Boys, og soloartistar som Elvis Presley Cliff Richard, Bob Dylan, Scott McKenzie. For å nemna nokre. Dette er musikk som lever godt i dag, meir enn 50 år etter.

Ide, manus og musikalske arrangement er ved Songlaget Stordabuen sin dirigent, Torleiv Agdestein. Eit firemannsorkester sørger for tonefølgje. To forteljarar med gode kunnskapar om tiåret og glimt i augo leiar framsyninga, som elles er full av autentiske bilete og filmklipp.


Billettar til STORD, VERDA OG MUSIKKEN. 1960-ÅRA

  1. Lau 27. okt kl 19:00 295 kr   Storsalen Kjøp
  2. Søn 28. okt kl 17:00 295 kr   Storsalen Kjøp
  3. Ons 31. okt kl 19:00 295 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_