Ulven og geitekillingane, premiere
Velkomen til Stord Teaterlag og til "Ulven og geitekillingane"
Dette er eit syngespel med fine songar og flotte dansar. Eit eventyr om ulven som blir forelska i Geita, mor til dei 7 geitekillingane.
Ulven pønskar ut ein lur måte å få bort dei 7 geitekillingane, slik at han kan ha Geita heilt for seg sjølv.
Me møter hjelparane til ulven: Villhesten, Gaupa og Jerven som er med på planen.
Det kan vera bra for Geita og geitekillingane å ha gode naboar når ulven luskar rundt huset om kveldane. Høner, sauer, grisar, lam og ein modig kylling hjelper dei når ting blir vanskeleg.
Forfattarar er Tyra Tønnesen og Ragnar Olsen. Musikk av Åsmund Flaten.
Gled dykk til ei flott framsyning med spenning, latter, moro og mykje fin song og dans.
Helsing Ingvild, Britt Tone, Sigfrid, Tove, Sigrid og Elin Grethe