Verda er ein skandale

Haugesund teater presenterer: Verda er ein skandale – av Agnes Ravatn

Haugesund teater opnar 2019 med framsyninga «Verda er ein skandale» av Agnes Ravatn, forfattaren bak den formidable suksessen «Fugletribunalet». 

 

I boka «Verda er ein skandale» tar Ravatn lesaren med på ei refleksjonsreise i korleis det er å flytta frå asfalterte Oslo til mosekledde Valevåg. Leilegheita på Frogner er bytta ut med småbruk utan internett, som monaleg med oppgradering, og der det er langt til næraste ferdigkaffi. Har forfattaren valt rett, eller er dette ei romantisering av verklegheita? Ravatn haustar og syltar og søkjer lukka gjennom perfekte knekkebrød. Men tvilar. 

Kva er lukke? 

Kva er dei eigentlege skilnadane på by og land? 

Kva er dei egentlege skilnadane på Vestlandet og Austlandet?

Er vestlandsironien ei mørk kraft? 

 

Gjennom Toril Solvang si dramatisering er det duka for dei eksistensielle spørsmåla når framsyninga vert sett opp. Det heile er tonesett av musikar og komponist Sandra Kolstad, som også er utøvande musikar i stykket. 

 

Premiere: 25.januar 2019 på Stord Kulturhus

 

Med:

Siren Jørgensen 

Ane Skumsvoll

 

Musikar/komponist:

Sandra Kolstad

 

Regissør/dramaturg:

Toril Solvang



Billettar til Verda er ein skandale

  1. Fre 25. jan kl 19:00 350 kr   Storsalen Få billettar
Vis hele programmet
_
_
_