2

Beate S. Lech med band og kor

Stord jazzklubb inviterer til konsert med Beate S. Lech m. band og kor frå Stord vidaregåande skule/Høgskolen på vestlandet

Høgtidsrom 
Beate Slettevoll Lech – alias Beady Belle - er ein av songartistane som er med i Stjernekamp på NRK denne hausten. Laurdag 7. desember vil ho, saman med bandet sitt og eit kor samansett av elevar frå musikklina ved Stord vgs og musikkstudentar ved HVL framføra kjende og litt meir ukjende julesongar i hennar eiga drakt frå scenen i Stord Kulturhus. 
 
Musikken er basert på Høgtidsrom, musikkprosjektet som Beate S. Lech hadde saman med SKRUK i 2014, eit prosjekt som er framført ei rekkje gonger ulike stader i landet. Ho uttaler: «På denne julekonserten skal ikkje publikum sovne, men la seg løfte opp og ut av kvardagen og inn i det indre rommet, der sårbarheta og åpenheta bur. Og så kan alt skje … Bandet, med Andreas Bye på trommer, Marius Reksjø på bass og Andreas Ulvo på tangentar vil bera kor og solist med improvisatorisk leikenhet.» Tekstane, som for ein stor del er Beate sine eigne, er på nynorsk.
 
Beate S. Lech har gitt ut ei rekkje jazzinnspelingar under namnet Beady Belle, og ho har gjennom tjue år stått på mange konsertscenar i både inn- og utland. I tillegg til juleplata Høgtidsrom har ho utgitt Min Song Og Hjarteskatt, med religiøse folketonar som har fått nye tekstar. 
 
Styret i Stord Jazzklubb er glade for å kunna finna rom for stadig nye musikkprosjekt med eigenaktivitet for barn og unge. 
Beate Slettevoll Lech, med kor og orkester, er vel det ein må kunna kalla «rosina i pølsa» i ein fristande jazzmeny frå den lokale jazzklubben denne hausten.

Billettar til Beate S. Lech med band og kor

  1. Lau 7. des kl 18:00 350 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_