Hovland og Tomrens popleksikon

Det ligg an til ein spektakulær kveld på Arena scene når to av våre mest særprega personlegdomar i kvar sin sjanger inviterer til ein svært personleg gjennomgang av høgdepunkt frå pop og rockhistorien. Tidlegare har dei fylt Cornerteateret to gonger på rad, og fekk overstrøymande tilbakemeldingar!

Ragnar Hovland og Bjørn Tomren ("Polka-Bjørn") inviterer sine musikalske vener på scenen, og lovar innslag av både trekkspel, ukulele og strupesong når dei framfører klassikarar av blant andre:   Johnny Cash, Whitney Houston, Ramones, Elvis Costello, The Animals, Pet Shop Boys. Velvet Underground og Kraftwerk.Med seg på scenen har dei eit eminent knippe musikarar:Anders Bitustøyl, Einar Sogstad, Heine Bugge, Åse Britt Reme Jakobsen og Hallvar Djupvik.

Arrangør: Falturiltu og Bakeriet Frugård
Foto: Skjalg Ekeland

Billettar til Hovland og Tomrens popleksikon

  1. Fre 8. nov kl 20:00 370 kr   Arena Falturiltu Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_