Jul i Blåfjell

Victoria Productions AS presenterer JUL I BLÅFJELL

Basert på NRK sin julekalender «Jul i Blåfjell»

Idè og manus: Gudny Ingebjørg Hagen, musikk: Geir Bøhren og Bent Åserud.

Mange blei lei seg då «Jul i Blåfjell» forsvann frå TV-skjermane. Men no kan heile familien samles i blåtimen att når Victoria Productions kjem på turné med full teateroppsetjing med ein av dei mest kjente og kjære førjulstradisjonane me har.

Her møter me Blånissane i månaden før jul. Mykje skal gjerast og gamle tradisjonar haldast i hevd. Men er alle tradisjonane verdt å ta vare på? Og kva med gamle Erke? Kvifor oppfører han seg så rart? Er det saknet av Tufsa eller kan det vera noko meir? Skjuler nokon seg i Kvisthola? Kan Blånissar og Rødnissar nokon gong bli vener? Og kvifor i alle dagar driv nokon og kastar søppel i Blåfjell?

Dette vil den kloke og modige lille blånissejenta Turte finna ut av. Og Turte kan ordna opp, ho går der ingen andre tør å gå og tenkjer tanker ingen andre i Blåfjell tør tenkja. Vil Turte klara det? Ta med heile familien på denne spennande, morosame og stemningsfulle framsyninga og finn ut!

Varer om lag 1 time og 45 min. inkludert  pause

 Idè og manus: Gudny Ingebjørg Hagen.  Musikk: Geir Bøhren og Bent Åserud.   Regi: Bjørn Sæter. Scenografi: Per Olav Austdahl

 Produsent: Victoria Productions AS


 Basert på NRKs julekalender 'Jul i Blåfjell': produsert av NRK

Ide og manus Gudny Ingebjørg Hagen, musikk Geir Bøhren og Bent Åserud

Fjernsynsregi: Torunn Calmeyer Ringen, kostymer: Gerd Johnsrud,,scenografi Aili Strømsted.


Billettar til Jul i Blåfjell

  1. Ons 14. nov kl 18:00 285 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_