Stord jazzklubb - Bergen Big Band

Stord Jazzklubb inviterer til konsert med Berg Big Band og Dag Arnesen

BERGEN BIG BAND & DAG ARNESEN

For  nokre år sidan opplevde Bergen sin eigen Bill Evans, Dag Arnesen, noko som svært få jazzmusikarar er forunnt: Å bli folkekjær, ja nærast allemannseige, med platene i Norwegian Song-serien. Publikum vil kunna oppleva denne musikken, inspirert av Edvard Grieg, framført av Dag Arnesen ved flygelet i samspel med eit storband av internasjonalt format. Ein vil kunna kjenna att fleire stordabuar i bandrekkjene. 

Bergensaren Dag Arnesen, som har komponert musikken og arrangert den for storband, har sjølv uttalt: «Da jeg begynte på prosjektet mitt  «Norwegian Song» i 2006, var det med et ønske om å søke inspirasjon i norsk musikk. Jeg har vært dypt involvert i amerikansk jazz i nærmest hele mitt musikalske liv, og nå ville jeg prøve å skape en symbiose av det norske og det amerikanske. Det har vært en svært verdifull reise. Det er inspirerende å kunne arbeide med musikk av Edvard Grieg, han også fra Bergen.»

For to år sidan kunne Bergen Big Band feira 25 år, og Dag Arnesen har vore medlem i mange av desse åra. Ved å utvikla eit eineståande teamwork, har eit vidt spekter av prosjekt blitt til og framført på ein framifrå måte. Internasjonalt kjende storbandleiarar har blitt engasjerte for å kunna finna stadig nye vegar inn i jazzregnbogen. 

Bergen Big Band har gong på gong makta å fylla konsertsalar både her heime og ute i Europa. 

Konserten blir arrangert av Stord Jazzklubb i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

 

_
_
_