Riksteateret: Læreren
Billettar
Om arrangementet
Av og med Fredrik Høyer
Eg ventar til det blir stille …
Å vera lærar er som å vere standup-komikar, psykolog, barneoppdragar og føredragshaldar på same tid. Alt skal lærast, ikkje minst kjærleiken ein får til elevane. Viss læring er å møta seg sjølv, og forståing er å stå framfor eit anna menneske, kva betyr då eigentleg ansvar for eiga læring?
Den nytilsette vikarlæraren Kristian står føre ein femteklasse, eit tverrsnitt av samfunnet, fylt med behov, forventingar og draumar. Men i hemmelegheit går han rundt med ei konstant indre oppløysing. I møte med tiåringane blir han tvungen til å konfrontera sitt eige indre barn, lærarrolla og systemet rundt han.
Slam-poet og skodespelar Fredrik Høyer er ein av samtidsteaterets mest originale stemmer. Han framfører sjølv rolla som vikarlæraren Kristian med nærheit og sylskarp humor, i ein djuptloddande tekst om korleis vi forstår oss sjølv gjennom andre sine blikk og rollene me spelar i kvarandre sine liv. På ein overraskande måte vert det grå og kvardagslege gjort til ei mytisk reise som vedkjem både deg og meg.
Varigheit: To dobbelttimar med friminutt (3 timar inkludert pause)
Dramatikar, komponist og skodespelar Fredrik Høyer. Regissør Katinka Rydin Berge. Scenograf og lysdesignar Øyvind Wangensteen. Kostymedesignar Julia Wilde. Foto Eirik Havnes. Brodering og grafisk design Sandra Olsen. Produsent Riksteatret Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Vega Scene og Riksteatret.