Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida

Om arrangementet

"Når folk spør meg hvor jeg kommer fra, misforstår jeg med vilje. Jeg svarer Sandefjord. Og når de spør hvor jeg egentlig kommer fra, så svarer jeg Bodø."

Fekk ho det som hun ville, hadde dramatikar og forfatter Camara Lundestad Joof slutta å snakka om rasisme for lenge sidea. Ho vil mykje heller skriva romanar om vampyrar i verdsrommet, men enn så lenge må science fiction venta mendan Camara rettar merksemda vår mot røyndomen - slik den har møtt og forma henne.

I boka Eg snakkar om det heile tida får rasisme i Norge eit sanningsvitne. Gjennom ein serie historiar og funderingar frå eige liv, skildrar Camara korleis rasismen har infisert kvardagen og tankane hennar. Korleis den har endra måten ho rører seg i verda, og held seg til andre menneske.

Innimellom historiane tar me del i tvilen, og frykta for at alt ho gjer, alt arbeidet ho legg inn, til slutt ikkje er til noko nytte. At det ikkje vil gjera nokon skildnad. Ho ransaker minna. Kva om ho huskar feil? Korleis skal nokon tru henne då?

 

Eg snakkar om det heile tida har fått svært gode kritikkar, og blir no teater for heile landet i Kjersti Horn sin regi.

 

Sagt om boken: 

"Uttalt og synlig rasisme er de fleste mot, så det Joof ofte fokuserer på er i stedet de små kommentarene, neglisjeringen og tausheten"
Dagbladet (terningkast 5)

"Snakker rett til hjertet mitt. Den river og røsker i huden og pirker i følelsene mine"
VOKS tidsskrift

"Engasjert og sårbart om å vere brun i Noreg. Dette er lettlest strandlitteratur til å bli klok av."
Framtida.no

På scenen
Ameli Isungset Agbota, Tani Dibasey og Terese Mungai-Foyn

Team
Regissør: Kjersti Horn, Scenograf, Kostymedesigner: Erika Magnusson, Lysdesigner: Tobias Leira, Lyddesigner: Erik Hedin, Dramaturg: Monica Ifejilika og Produsent: Emnet Kebreab

 

Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).

 

 

Produsert av Riksteatret.