Riksteatret: Kakejazz

Om arrangementet

Når barna får styra showet!

Av Gunnar Eiriksson 

Har du nokon gong vore åleine heime og bakt kake heilt utan oppskrift? Akkurat sånn kjennest det når Riksteatret inviterer små og store inn i den sprudlande familieframsyninga «Kakejazz». Her er det klart for kakefest, kaos og kreative krumspring. 
 
Familien Grytebust skal baka kake, men så ringer telefonen! Det er frå jazzklubben Den blå mugge. Eit jazzorkester har avlyst, og no må dei ha mamma og pappa på scenen med éin gong. Straks døra lukkar seg bak dei, opnar det seg ei herleg ny moglegheit. No kan barna laga akkurat den kaka dei sjølve vil, og blanda inn kva som helst! Men kva skjer når dei tømmer urna med bestefar oppi røra? 
 
«Kakejazz» boblar av humor, rytme og skaparglede. Gunnar Eiriksson er ein lur og leiken regissør og veit nett kva som skal til for å få barna til å lena seg fram i stolen og dei vaksne til å le med. 
 
Og kven veit, kanskje får du også smaka på kaka! 
 
Framsyningslengde: 1 time 15 minuttar (ingen pause). 
Passar for barn frå 5 år. 
 
Urpremiere i Oslo, Nydalen 27. januar 2027 
Turnépremiere i Tromsø 3. februar 2027