Riksteatret: Mio, min Mio

Om arrangementet

Astrid Lindgren sin eventyrlege klassikar

Mio, min Mio er historia om den foreldrelause guten som blir prins Mio. Ei storslått og vakker fortelling om sakn og einsemd, venskap og vondskap og det sterke bandet mellom barn og foreldre.  

Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meiner det var ei ulukke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk skjer det noko merkeleg. Han blir ført til i Landet i det Fjerne. Der ventar far hans  Kongen, som har lengta etter sidan han blei fødd.   

Denne vakre forestillingen i Hilde Brinchmanns regi blei kåra til "Årets beste barneforestilling", Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleva teatereventyret der dei bur. 

Aldersgrense: 6 år. Avgrensa plassar, så ver tidleg ute med å sikra deg billett.

 

"En fantastisk opplevelse"
Romsdals Budstikke (6) 

"Magiske, mytiske Mio"
Sunnmørsposten (5) 

"Det er ikke få voksne som har kommet hulkende ut fra denne sterke barneforestillingen."
Hedda-juryens begrunnelse 

--

På scenen
Maja Evenshaug Christiansen

Team
Regissør: Hilde Brinchmann, Scenograf: Paul Sebastian Garbers, Kostymedesigner: Helena Andersson, Lysdesigner: Jonas P A Fuglseth og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Av Astrid Lindgren. I Hilde Brinchmann si dramatisering

Forlag: Nordiska A.p.S - København

 

Forestillingslengde: 1 time 10 minuttar (ingen pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 3. mar 2022

 

Produsert av Teatret Vårt i samarbeid med Nordland Teater. Produsert for turné av Riksteatret.