Riksteatret: Mine venner

Om arrangementet

Surpriseparty fra helvete

Ho har nettopp "gjort det slutt" med bestevenninna. Ho som ho har delt alt med, fortalt løyndomar til og hata resten av verda med. Ho er rasande. Vel innanfor døra i eigen leilighet høyrer ho stemmer fra soverommet. Der står alle ho har kalla sine venninner. Dei kjem frå ulike stader, ulike fasar av livet. Det er bursdagen hennar, og dei gir henne ein overraskelsesfest ho aldri kjem til å gløyma. Èin etter èin held dei tale: Litt for ærleg. Altfor utleverande.  
 
Den kritikarroste romanen "Mine venner" handlar om vennskap. Invaderande vennskap, gode gamle vennskap, konfliktfylte vennskap, situasjonsbetinga vennskap og ferske vennskap som liknar besettande forelskingar.  kven maktar du å vera når du møter alle du nokonsinne har kjent? Kven er du utan vennene dine?

Monica Isakstuen sin sjeldne blanding av inderlegheit og humor gjer henne til ein god forfattar og eit fascinerande menneske. På ein gjenkjenneleg og underhaldande måte tør ho snakka om det me ikkje kan sei til kvarandre, det ingen av oss vågar å snakka om når det handlar om venner. 

Håpar me sjåast når boka blir forvandla til teater for heile landet!

--

Sagt om romanen:

"Underholdning på høyt nivå, få pauser og lite small talk"
Dagsavisen (5)

"På glimrende vis illustrerer Isakstuen spennet mellom sosialt akseptert oppførsel og ukultiverte instinkter."
Aftenposten

"Ikkje gje denne til venninna di utan å ha lese han sjølv først!"
NRK

"Venninneforhold dissekeres på hett og skarpt vis"
Dagbladet (5)

"Monica Isakstuen dyrker den norske hyggelighetens mørke underside på underholdende vis."
BT

"Monica Isakstuen mestrer et bredt repertoar når hun løfter vennskapets mangslungne vesen opp som studieobjekt – og som uhyre"
Morgenbladet

--

På scenen
Linn Grøder, Katja Brita Lindeberg, Evy Kasseth Røsten og Maria Bock

Team
Regissør: Kjersti Haugen, Scenograf, Kostymedesigner: Milja Salovaara, Komponist/lyddesigner: Gaute Tønder, Lysdesigner: Øyvind Wangensteen, Dramaturg: Morten Kjerstad, Koreografisk assistanse: Magnus Eide Myhr og Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Etter en roman av Monica Isakstuen. Dramatisert av Kjersti Haugen

 

Forestillingslengde: 1 time 40 minuttar (ingen pause).

Urpremiere: Oslo / Nydalen 17. feb 2022

Produsert av Riksteatret