Riksteatret: Prima Facie

Om arrangementet

Tessa er ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyra, forsvara og vinna. Alt ser ut til å gå hennar veg.

Av Suzie Miller. Omsett av Agnes Banach.

Men ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho sjølv må setta systemet på prøve. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp for å finna vegen ut av den same skuggen av tvil som ho tidlegare har kasta over andre. «Prima Facie» tar oss med til det vanskelege punktet der livet møter reglane i lova.

«Prima Facie» er tankevekkande, brutalt og rørande. Eit teaterstykke som vert sittande i kroppen lenge etter at teppet har gått ned.

Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin sigersgang i London, New York og på scenar over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scenar over heile landet moglegheita til å oppleva denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.

Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatande eller ved første augekast.

Noregspremiere i Oslo, Nydalen 4. februar 2025. På turné med Riksteatret til 45 stader. Vert spelt på Nationaltheatret etter turné.

På scenen Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset.

Av Suzie Miller. Omsett av Agnes Banach. Regissør Maren E. Bjørseth. Scenograf og lysdesignar Norunn Standal. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Komponist og lyddesignar Sjur Miljeteig. Koreograf Magnus Myhr. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.

Prima Facie inneheld diskusjoner om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.