Riksteatret: ubesvart anrop

Om arrangementet

Til ungdommen

Ein knapp månad etter terrorangrepa 22. juli skal Rebekka ta til på vidaregåande. Ho kjenner ingen av dei som døydde, og tenkjer at ho burde klara å ta kvardagen tilbake. Ho prøver å engasjera seg i revyen, i Daniel med det krøllete håret, i festar og skule og vener. Problemet er berre at ho tenkjer på det heile tida.

«Ubesvart anrop» handlar om å leita etter meining i møte med det meiningslause. Om kor vanskeleg det kan vera å nå ut til kvarandre, og kor viktig det er når me får det til. Stykket er også ei historie om venskap som held, og om at det finst vegar tilbake! 

Når Riksteatret dramatiserer Nora Dåsnes sin prisløna teikneserieroman 15 år etter 22. juli, er målet å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå eiga uro i møte med ei uroleg verd. 

Maja Christensen, frå NRKs ungdomssuksess «Rådebank», spelar hovudrolla. Menneska rundt henne vert spelt av Amina Mohamud, Jawad Aziz, Arjan Nilsen og Christina Sleipnes. 

Sagt om boka: 
«Full av håp (...) en bragd» VG (6)

«En bok som engasjerer, berører og får leseren til å reflektere rundt både kollektive, politiske samfunnsspørsmål og individuelle, eksistensielle spørsmål» Vinnar av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris  
  
Speletid: 1 time 30 minutt (ingen pause). 
Urpremiere Oslo, Nydalen 17. september 2026 
Turnépremiere i Egersund 22. september 2026 
 
«Ubesvart anrop» vert spelt på dagtid. Ungdommar kan oppleva framsyninga gratis gjennom Riksteatret sitt billettfond. Er du lærar i 10. trinn og vgs, kan du søka om billettar her:  https://forms.gle/wfougJTVUwDdvmMt7 

Av Nora Dåsnes. Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis. Regissør Toril Solvang-Kayiambakis. Scenograf og kostymedesignar Marcus Olson. Lysdesignar og videodesignar Oscar Frostad Udbye. Komponist, lyddesignar og musikalsk ansvarleg Ida Flåten Kampenhaug. Dramaturg Liv Gulbrandsen. Produsent Bastian Stabell.

Produsert av Riksteatret.